|
|
Nyhetsarkiv BML
|
|
|
|
|
|
|
|
|
Nytt styre i BML (14 november 2009)
I årsmøtet 13. november vart det valgt nytt styre i BML. Desse er: Linda Hellen, (leiar ny), Bjørn Håvard Bjørklund, Nina Meldahl Olsen, Sigurd Lars Haldorsen (ny), Janne Robberstad (ny), Marianne Eidesvik (ny), Runa Våge Krughaug (vara) og Cecilie R. Thormodsæther (vara).
Årsmøte i BML! (12 september 2009)
Fredag 13. november kl 19.30 vert det avholdt årsmøte i Urangsvåg (Bømloteateret sine lokal) Saker til årsmøte må vere innmeldt innan 1. nov.
Etter årsmøtesakene blir det Saigon-fest, der me vil feire oss sjølv :-) Har du vore med i ein av BML sine tre siste produksjonar er du hjerteleg velkomen, men gi ei lita melding innan 1. nov til personal@bml.no om du kjem, slik at me får bestillt nok mat.
Håper me sjåast fredag den trettende...!
Da var eventyret over for denne gong! (17 august 2009)
Miss Saigon er historie, og ein kjempesuksess for BML. Meir enn 13000 mennesker såg dei 11 framsyningane. Tusen takk til alle aktørar, musikere og ikkje minst alle frivillige! Takk òg til publikum, håper me ser dykk igjen i Moster Amfi. Her er bilder fra MS:
http://fotoarkivet.b91.no/thumbnails.php?album=lastup&cat=0
Ekstra billetter i salg! (31 juli 2009)
Det er i dag lagt ut fleire billetter for salg til fleire av dagane som var utsolgt hos Billettservice. Det er framleis ledige billettpakker til alle dager på MS Gann.
Kontoret kan kontaktes fra kl 18.00 kvar dag på tlf 53425712 og 13.
Uavhentede billetter kan tingast her kvar dag.
Alle forestillinger har til no vore utsolgt. Billettservice har pr idag kun nokre hundre billetter igjen til den siste dagen, søndag 16. aug.
Det er fortsatt mulig å booke billettpakke inkl overnatting til alle dager: gann@bml.no
Kafe og Restaurant på MS Gann (31 juli 2009)
Åpningstider for kafè er kl 12.00 - 17.00, og restaurant kl 18.00 - 21.00 kvar dag.
Saigon Pub finn du i Mosterhamn, på kaien ved MS Gann. Velkomen innom!
Siste hovudrolle på plass (8 juni 2009)
Heile castet er no klart, og Bjørn Håvard Bjørklund vil spele rolla Thuy: Sjå alle
Me treng din hjelp til å skaffe litt rekvisita til Miss Saigon. Sjå kva me treng HER
6000 solgte bill. til Miss Saigon (5 juni 2009)
På dagen to månader før premieredagen, nådde me 6000 solgte billettar.
|
Billettsalet går godt (27 mai 2009)
Mange ynskjer å sjå Miss Saigon til sommaren, og det er me glade for. Pr. i dag er meir enn 5000 billettar solgt, og helgedagane er nær utsolgt hos Billettservice. Pakkar med billettar og overnatting på Gann kan framleis bestilles direkte hos oss til dei fleste framsyningsdagane. Tilbod Gann |
 |
Bilder frå øvingshelga (27 mai 2009)
Her ser du bilder frå øvingshelga til Miss Saigon 22.-24. mai på Olavskulen: Bilder
|
Strategiplan for felles framtid (10 mars 2009)
Bømlo Musikallaug og Bømloteateret har saman utforma ein plan for felles framtid, og denne er i dag presentert for politikere og samarbeidspartnarar. Løpet går over det neste året, og årsmøta i organisasjonane må sei seg einige. Les planen her: Strategiplan |
 Bjørn Håvard Bjørklund |
Kunstutstilling i høve Miss Saigon (25 februar 2009)
Bømlo Kunstlag utfordrar kreative sjeler: Utstilling sommaren 2009
|
Helikopteret er på plass! (11 februar 2009)
Miss Saigon og helikopter heng saman. Me har difor kjøpt eit Bell 212. Ikkje ein vanlig rekvisitt for eit teater, men så er heller ikkje Miss Saigon ein vanlig musikal :-) På tur...
|
 |
|
M/S GANN blir hotellskip i Mosterhamn (1 februar 2009)
Frå 29. juli til 17. august vil MS Gann ligge ved kai i Mosterhamn, som hotellskip før og under framsyningane av Miss Saigon. Her kan du bo og ete godt, før du går 5 min. til Moster Amfi og ser framsyninga. Send ein epost for pakketilbod til gann@bml.no
eller les meir om dette her |

|
Hovudroller i Miss Saigon (1 februar 2009)
Me er glade for å kunne vise dykk dei aller beste i rollene til Miss Saigon.
Billettsalet er i gong! (19 januar 2009)
Posten/Billettservice, tlf 815 33 133 eller: Billettsal
Informasjon om billettsal til Miss Saigon (5 januar 2009)
Me startar billettsalet mandag 19. januar 2009 via Billettservice/Posten, til Miss Saigon 5. - 16. august kl 22.00. For spørsmål om billettar eller annen informasjon, send ein mail til: saigon@bml.no
Vil du vere med i BML sitt prosjekt-kor? Seminaret går over to helger i mars/mai, med sanger frå "Mamma Mia". Påmelding innan 15 februar. Sjå meir info HER
Etter årsmøte i BML 2008! (8 november 2008)
Årsmelding BML 2008.doc
|
Eit Laug blir til... (27 august 2008)
I år er det 10 år sidan ideen om eit Bømlo Musikallaug vart unnfanga.
Maren, Nina og Sigurd fekk i 1998 ideen om å produsere Jesus Christ Superstar i Moster Amfi, som vart BML sin fyrste produksjon sommaren 1999.
Resten er historie, og BML har sidan den gong ei rekke store produksjonar bak seg, samt den neste foran seg i 2009.
BML historie |
 Maren, Sigurd, Nina |
Stad og tid for audition! (16 juli 2008)
Auditionane vert:
Bømlo 2.-3. aug. - Bømlo Kulturhus , oppmøte kl 10.00 (påmelding avsluttet)
Bergen 10. aug. - Gimle, Kong Oscarsgt 18, oppmøte kl 10.00 (påmelding avsluttet)
Oslo 9. sept. - KFUM Huset, Grubbegata 4 (påmelding avsluttet)
Audition til Miss Saigon i Oslo 9 september! (9 juni 2008)
Dette vil i hovudsak vere ein audition for hovudrollene Chris og Kim. Rollealder for Chris: 18-30 år. Rollealder for Kim: 18-25 år. Ellers ingen føringar. Dei som ynskjer å prøve til desse rollene kan sjølvsagt møte på Bømlo eller i Bergen om det skulle høve betre. For påmelding, info eller spørsmål, send ein mail til: personal@bml.no
Sjå bilder frå audition på Bømlo 2.- 3. august (12 august 2008)
Ein strålande premierekveld! (28 mars 2008)
Så link til bilder frå Brytningstid
Me er klar til Brytningstid! (25 mars 2008)
Det er få dagar igjen til danseteaterframsyninga Brytningstid i Bømlo Kulturhus. Me planlegg kun tre framsyningar, den 27, 28 og 29 mars kl 19.00. No må du sikra deg billett ved å gå inn på Bømlo Kulturhus si heimeside.
http://www.bomlokulturhus.no/?tab=kultur
|
Musikalsk leiar i Miss Saigon. (21 februar 2008)
Eivind Gullberg Jensen var vår musikalske leiar både i Les Mis og Chess. Han har samtidig blitt ein etterspurd internasjonal dirigent, og reiser idag verda rundt med dei beste orkestera.
Me er veldig glade for at han igjen blir og sjå i Moster Amfi sommeren 2009, som musikalsk leiar i Miss Saigon!
|

|
Bilder frå Brytningstid. (20 februar 2008)
Sjå bildearkiv for nyaste bilder fra øvingane. Har du hugsa å tinga deg billett? :-)
Bilder frå Brytningstid
Info om øvingshelger Brytningstid. (23 januar 2008)
Brytningstid - Infoskriv nr.5.doc
Brytningstid - Infoskriv nr.6.doc
Brytningstid - Infoskriv nr.7.doc
|
Billettsalet til Brytningstid er i gong! (19 januar 2008)
Det er ikkje lenge igjen til danseteaterframsyninga Brytningstid i Bømlo Kulturhus. Me planlegg kun tre framsyningar, den 27, 28 og 29 mars kl 19.00. No kan du sikra deg billett ved å gå inn på Bømlo Kulturhus si heimeside. Me håpar å sjå deg der!
http://www.bomlokulturhus.no/?tab=kultur |

|
Frå produsenten. (18 januar 2008)
Pressemelding Brytningstid.doc
Etter årsmøte i BML. (8 desember 2007)
BML avholdt årsmøte fredag 30 november. Me var igjennom årsmøtesaker og informasjon om Brytningstid og Miss Saigon, før me avslutta kvelden med eit sosialt lag. Me takker Linda og Vidar som trer ut av styret, og ynskjer Nina og Marit hjarteleg velkomen inn. Oppdatert styre og referat ligg under: Om BML. Årsmelding ligg under. Styret i BML vil til slutt ynskje alle våre medlemmer, samarbeidspartnere og publikum ei god jul og eit godt kulturellt nytt år!
Årsmelding BML 2007.doc
|
Regissør og koreograf i Miss Saigon. (20 november 2007)
Me er glad for å allerede no kunne presentere Lisa Kent som vår regissør og koreograf i Miss Saigon i Moster Amfi 2009. Ho er utdanna ved Bush Davies School of Theatrical Arts, og har stor internasjonal erfaring som både dansar, koreograf og regissør. Lisa hadde m.o.a ansvaret for Miss Saigon i Danmark i 2001. Me ser fram til eit svært spanande samarbeid fram mot august 2009. www.gavinbarkerassociates.co.uk/creatives/lisa-kent.htm |

|
Me er særs glad for alle dei flotte tilbakemeldingane etter premieren på Brytningstid i går kveld. Sjå i biletarkivet for bilder frå Brytningstid. Sjå òg link til Haugesunds avis for deira anmelding: http://www.haugesunds-avis.no/article/20080328/KULTURKONSERT/820536229/1010/AKTUELT
Me vil avholde auditions i august/september på følgande stadar og datoar:
Bømlo: 2. - 3. august.
Bergen: 10. august
Oslo: 9. september
Interessa har vore god, men me søker fleire menn til audition for ensemble.
For påmelding, info eller spørsmål, send ein mail til Runa og Linda: personal@bml.no
Brytningstid er vel overstått, og me er meget godt fornøyd med resultatet. Nær 800 publikumere delte gleda med oss. Dette har vore eit viktig prosjekt for BML, da det syner ei anna side av oss, samt at fleire blir kjent med Kenneth sin musikk. Tusen takk til alle involverte på og bak scena, samarbeidpartnarar og publikum. Me ser no fram mot vårt neste store prosjekt, Miss Saigon i Moster Amfi sommaren 2009.
BML avholdt årsmøte laurdag 1. november. Me var igjennom årsmøtesaker og informasjon om Miss Saigon, før me avslutta kvelden med eit sosialt lag. Me takker Gunn som trer ut av styret, og ynskjer Cecilia hjarteleg velkomen inn. Oppdatert styre og referat ligg under "Om BML". Årsmelding finn du her:
Årsmelding BML 2008.doc
Øvingane er i gang i amfiet, og over 8000 billetter er solgt. Billetter får du på Billettservice/Posten. Treng du billett med overnatting, send ein epost til: gann@bml.no
Over 9000 solgte billettar og fleire framsyningar utsolgt, men framleis billettar ledig til alle dager på MS Gann. Torsdag 30. juli opnar Saigon Pub i Mosterhamn. | |
|
|
Fyrste øvingshelg til Brytningstid. (15 september 2007)
Helga 14-16 september var den fyrste øvingshelga for ensemblet i Brytningstid. Det vert lagt opp til ei øvingshelg i månaden fram til jul, og noko meir intensive periodar etter jul, fram mot premieren 27 mars i Bømlo Kulturhus. Billettsalet startar rett over nyttår. Sjå hovedside for Brytningstid for meir info og kontaktinfo.
|
|
Neste musikal i 2009. (25 august 2007)
BML presenterer ein norgespremiere i 2009. Musikalen MISS SAIGON er vår neste produksjon i Moster Amfi.
Sjå pressemelding:
Pressemelding MS.doc
|
 |
|
Audition til Brytningstid. (10 august 2007)
Våren 2008 skal BML setje opp førestillinga Brytningstid i Bømlo kulturhus. Denne neste produksjonen til lauget er ei danseførestilling som tek utgangspunkt i det musikalske verket laga av Kenneth Sivertsen, Nils Petter Molvær og Paolo Vinaccia. Det vert tre førestillingar i kulturhuset.
Sjå lenke for info om audition.
Brytningstid
|

foto: Paul Berhard |
BML-fest i august. (1 juni 2007)
Laurdag 25 august kl 20.00 inviterer me medlemmane til Moster. Ikkje ein sommar utan eit hyggelig lag på Havnekafeen..! Anita stiller med den beste menyen, og i tillegg vil dykk få info om eit prosjekt BML skal gjere i 2008. Slik det ser ut i dag, vil me òg trulig kunne orientere om kva musikal BML skal gjere i 2009 :-)
Påmelding innan 15 august til: gunn.haldorsen@bomlo.kommune.no
|
|
BML har fått ny nettside. (10 april 2007) Me har den siste tida jobbet med ei ny nettside for BML. Me håpar den fell i smak, og håpar at den er informativ og brukarvennleg, både for medlemmer og publikum. Me tar gjerne i mot synspunkt på ting som me har oversett, eller som kan gjerast enda betre.
|
|
Byggeaktivitet i Moster Amfi. (6 april 2007)
Arbeidet med å bygge nytt inngangsparti i Moster Amfi er no i gong. Fyrste trinn består av ny inngang, mens trinn to vil inkludere toalettfasilitetar og kiosk. Dette vil betre forholda både for oss som arrangør, og ikkje minst for publikum. Sjå teikning:
Moster Amfi - Ny inngong.pdf
|
|
Ny musikal i Moster Amfi. (10 januar 2007) Kven ynskjer vel ikkje ein ny stor musikal i Moster Amfi? Store produksjonar som Les Mis og Chess tar tid å planlegge, og dei krev stor og langvarig innsats frå mange.
Me ser difor for oss at vår neste store musikal i Moster Amfi, vil skje sommaren 2009, som òg vil markera BML sitt 10-års jubileum
|
|
Årsmelding. (5 januar 2007) Her finn du BML si årsmelding for 2006. Årsmelding BML 2006.doc
|
|
|
BML fekk Haugesunds Avis sin kulturpris for 2006. SATT PRIS PÅ: En fullsatt Festiviteten svarte med spontan jubel og trampeklapp da Bømlo Musikklag fikk Haugesunds Avis kulturpris for 2006. Runa Våge Krukhaug og Bjørn Håvard Bjørklund fra styret tok imot prisen fra Arnstein Olaisen (t.h) Les frå Haugesunds Avis.
(Foto: lf-Robert Sommerbakk) |

|
ÅRSMØTE I BML 2006 (oktober 2006)
Teaterkafeen – Urangsvåg, Bømlo
Laurdag 18 november
Program
Del 1 kl 19.00 – 20.45 Årsmøtesaker
Del 2 kl 21.00 – Mat og festleg lag |
|
Kjære alle saman! (september 2006) Takk for ein uforgløymeleg sommar i Moster Amfi. Takk til alle aktørar, takk til alle andre involverte i produksjonen, Takk òg til eit stort publikum, nær 15.000 som besøkte oss. Me håpar de óg har hatt ei godstund i Amfiet. Chess i Moster Amfi vart både ein kunstnarleg og økonomisk suksess. Med det har Bømlo Musikallaug nådd målet sitt, og me vil sjå tilbake på Chess med stolthet og glede. Me er i gang med etterarbeidet, og ser om litt fram mot eit årsmøte i BML i november/desember. Kva framtida vil bringe for BML, er ikkje godt å seie. Me har i alle fall eit solid fundament å bygge vidare på. Alt ligg ope og ventar, det gjer framtida spanande. Takk for denne gong. Kjell Arne |
Forsterka russisk delegasjon under framsyninga søndag (16.8.2006) Stormeister Simen Agdestein (i midten) styrka den russiske delegasjon under CHESS- framsyninga på søndag, etter at han laurdag fortalde aktørane om dei verkelege hendingane i sjakkverda under den kalde krigen, som eit bakteppe til handlinga i musikalen. Sporty gjort! |
Posten Norge deler ut lokal kulturpris. (10.8.2006) Bømlo Musikallaug i samarbeid med Posten Norge skal i løpet av framsyningsperioden dele ut ein kulturpris til eit lokalt talent innan sang, musikk eller skodespel. Denne prisen er på kr 10.000.- Tips om gode kandidater til denne prisen kan mailast til a-roek@online.no før 15 juli. |
|
EKSTRAFRAMSYNINGAR AV CHESS I MOSTER AMFI (2.juli) Dei 10 framsyningane av musikalen Chess i Moster Amfi i august er langt på veg utselde! Me vil difor sette opp to ekstra framsyningar den 14. og 15. august. Tinga billett.
|
|
|
EKSTRA BILLETTAR TIL FRAMSYNINGANE 3. - 13. AUGUST (3.juli 2006) Fra onsdag 5 juli vil det bli lagt ut nokre fleire billetter for salg til kvar framsyning. Antal ekstra er ca 100 billetter pr dag. Sjekk Billettservice/Posten frå onsdag 5.juli |
|
Den første øvingshelga nærmar seg. Viktig info til aktørane !! (22. februar) Her kjem informasjon om fyrste øvingshelg til musikalen Chess 17. – 19. mars. Viktig at dei som skal...... |
|
| Samla hår og sjakk !! (18.2.2006)
Det er og viktig at du frå no av slepp ut håret og let det gro fram mot sommaren!
Me treng ALT som er sjakkmønstra, både klede og gjenstandar, kvit morgonkåper, bikini, gamle bærbar mobiltelefonar ( STOR åttitalsmodell), kvite trenchcoat (frakk), kvite/kremfarge basketsko (gjerne store størrelsar) Ta det med på fyrste øvingshelg!
Gunn |
|
Billettsalet er i gang !! (15.februar) Kjøpt billetter på Posten sine ordinære postkontor (ikkje post i butikk), eller gjennom Billettservice, telefon 815 33 133. Internett: www.billettservice.no" |
|
Til aktørar: Dei første øvingshelgane er no plotta inn (18.januar 2006) Her er dei viktige datoane : 17. – 19. mars 28. – 30. april 16. – 18. juni
Øvingane føregår på Bømlo. Elles er det viktig å få med seg at øvingsperioden i Moster Amfi startar fredag 7. juli. Premieren er torsdag 3. august
|
|
|
BML tildelt Bømlo Næringsråd sin Mulighetspris for 2006 (27.des 2005 )
Under det årlige romjulstreffet i regi av Bømlo Næringsråd vart Bømlo Musikal Laug tildelt Mulighetsprisen 2006. I tillegg til BML var Bømlo Vegselskap og Bømlo Kulturhus nominerte. Prisen vart overrekt av Finn Brekke, styreleiar i Bømlo Næringsråd. Som synleg bevis på utmerkinga vart Lauget overrekt eit maleri av bømlokunstnaren Leif Stautland. Ein stolt Bjørn Håvard Bjørklund mottok prisen på vegne av BML.
Les meir.... |
|
| Interessert i billettar til Chess?? (29.des 2005)
Me planlegg å starta billettsalet til Chessframsyningane i midten av februar, gjennom Posten/Billettservice. Tidleg i februar annonserer me startdatoen for billettsalet. |
|
| Fleire av dei sentrale rollane i Chess er no på plass (4.des 2005 )
Me er stolte over å kunna presentera fleire av hovudrollane i musikalen Chess i Moster Amfi neste år.Heine Totland skal ha rolla som den amerikanske sjakkspelaren Freddy, Britt Synnøve Johansen spelar Florence, Espen Hana vil ha rolla som The Arbiter og Ståle Ytterli tolkar KGB-agenten Molokov |
|
| Ensemble i Chess 2006 (sept 2005)
Til deg som var med på scenen i Les Mis 2003/2004: Vi byrjar no på nye rundar med audition til Chess 2006 – og i forkant av denne annonseringa ynskjer vi i BML å avklare Les Mis-personalet for komande produksjon av Chess sommaren 2006.
|
|
|
Lyst til å vera med i Chess i Moster Amfi i 2006 ? (sept 2005)
BML er allereie godt i gong med planlegginga av neste sommars produksjon av musikalen Chess i Moster Amfi.BML er på jakt etter aktørar i alle aldrar frå unge vaksne til godt vaksne. Viktig å legge merke til at det vert eigen danseaudition denne gong.
Går du med ein liten skodespelar/songar eller dansar i magen stiller til på audition!!
|
|
|
Samarbeid mellom BML og Haugesund Teater om musikalen CHESS (Juni 2005)
Bømlo Musikallaug har inngått eit samarbeid med Haugesund Teater om oppsetjinga av musikalen Chess i Moster Amfi neste år. Regissør blir Amalie Nilssen, Haugesund Teater.
|
|
| Kostymekurs.(26.april 2005)
Kurset i kostymesaum som var planlagt til i juni, for 10 av Lauget sine kostymesyarar, blir av ulike årsaker flytta til litt ut på hausten. Kurset vil bli retta mot den neste produksjonen vår i 2006. Kurset vert halde på Olavskulen. Instruktør blir Torill Jensen frå Det Norske Teater.
|
|
Dear friends: (26.12.2004)
I take this opportunity to send you my warmest personal regards for the holiday season and very best wishes for a successful 2005.
We take this opportunity of wishing you a very happy Christmas and a prosperous, successful and peaceful New Year. In lieu of Christmas cards, we are this year supporting the Actors' Benevolent Fund, which cares for actors unable to work because of poor health, an accident or frail old age
Gerald Kingsley |
| Kjære aktørar! (28.8.2004)
Ei lita tilbakemelding frå aksjonen vår "Småfolk hjelper småfolk", der formålet var å støtte Leger Uten Grenser sitt arbeid i Dafur, Sudan.
Me hadde innsamling blant publikum i køen før kvar førestilling, frå onsdag til laurdag. Fekk mange positive kommentarar; folk syntest det var flott å få støtta dei som verkeleg er elendige i vår tid, og dei gav uttrykk for at det var eit flott tiltak av ensemblet. Det kom inn kr. 13.435,50.-!
Under er ei tibakemelding fra Leger Uten Grenser: Hei igjen!
Dette var jo kjempeflott! Vi ble utrolig glade da vi fikk denne nyheten og setter stor pris på gaven og ikke minst et veldig bra initiativ.Både penger og bøsser er mottatt. Tusen takk for hjelpen!
Skulle dere ha noen spørsmål, er det bare å ta kontakt med meg.
Med vennlig hilsen,
Christian Sørensen
Leger Uten Grenser/Médecins Sans Frontières Rådhusgt. 30 A 0151 OSLO Telefon: +47 23 31 66 09/+47 23 31 66 00 Telefax: +47 22 33 45 51 www.leger-uten-grenser / www.msf.org
Gavekonto: 5010.05.15005 |
Hei alle saman, (9.8.2004) Det er både beklageleg, men samstundes særs hyggeleg å kunne melda at alle billettane no er utseld. Me ynskjer å takka alle som har kjøpt billett til framsyninga av årets "Les Misérables", og vonar de får ei stor musikalsk oppleving! Med vennleg helsing
Kjell Arne Røksund Produksjonsleiar |
| Meir enn 10.000 billettar er seld (27.7.2004)
Det er no berre 10 dagar igjen til vår store premiere den 5. august (2004), og me har til no allereie seld meir enn 10.000 billettar!!!
Dette betyr at det berre er omlag 800 billettar igjen, og at framsyninga av årets Les Misérables vil vere utseld innan premieredagen.
Men dersom du skundar deg, er det framleis råd å få tak i billett. Me har nokre billettar igjen til tysdag 10. og onsdag 11. august. Dei andre framsyningane er så godt som utseld. Ta kontakt med Posten eller billettservice snarast råd om du vil sikra deg ein billett til årets begivenhet på Vestlandet. Vennleg hilsen Kjell Arne Røksund |
NO ER ME I GONG! (15.1.2004)
Kjære alle i Les Misérables-ensemblet!
Det nye produksjonstyret har no hatt sitt første møte, og planar er laga for vegen vidare. Me er i rute, og alle er oppteken av at me ikkje berre skal laga ei like god framsyning som i fjor, me skal gjera den endå betre! Dei formelle tinga er no i orden, og kontraktinngåinga er godt i gong.
Kontraktinngåinga på ensemble og musikarar vil truleg starta opp i februar. Dato og retningslinjer for ein eventuell intern audition vil me kome tilbake til. Fristen for ensemblet til å gje tilbakemelding om dei er aktuelle for årets produksjon var 15 januar, og har såleis gått ut, men er det nokon som har gløymt dette heilt, eller har vore forhindra til å melda si interesse... Ver vennleg å gi ei tilbakemelding til Linda snøggast råd om dette.
Billettsalet startar måndag 2. februar. Då er me i gong! Eg ser fram til å treffa alle igjen, og til nye store opplevingar saman.
Kjell Arne
|
|
LES MISERABLES OGSÅ I 2004 (28.11.2003)
Kjære alle i Les Misérables-ensemblet!
For nokre veker sidan fekk me melding frå London om at lisens for Les Mis i 2005 blir forbeholdt oppsetjinga i Lillestrøm. Me i styret i BML hadde da to valg om me ville sette Les Mis oppatt, nemlig i 2004 eller i 2007. Me trur 2007 er for lenge å vente, så derfor har me jobba iherdig desse siste veken med å samle støtte til 2004. Me føler no at me har eit godt nok grunnlag til å ta denne avgjera. Alle hovudroller er positive, lisensen frå London er lova, Lasse er med og amfiet er booka. Me er godt i gang med å setje saman eit prod.styre, og da mangler me berre dåke…
Me vil invitere ensemblet som var med i Les Mis i sommer til ny innsats neste år! Det vil bli små rokkeringar i rollefordelinga, da me reknar med at nokre vil falle ifra. Me vil i løpet av vårparten holde ein intern audition til eventuelle ledige solistroller.
Om du vil vere med neste år..Gi beskjed til Linda, helst mail (roeksund@online.no), eller event. tlf (90961702), seinast 15 januar 2004.
Om du ikkje gir ei tilbakemelding innan denne fristen, reknar me med at du ikkje kan vere med.
Øvings –og framsyningsperioden vil gå fra medio juli, til og med 14 august. Me vil forsøke å korte ned øvingsperioden med inntil 1 veke. Det vil bli inntil 2 øvingshelger før sommarferien.
Meir info vil følge etter kvart… så kom igjen! Med vennlig helsing For styret i BML
Kjell Arne |
|
Kjære alle saman! (1.9.2003)
Alle gode eventyr har ei lukkeleg slutt... så også dette! Les Miserables er over, men eg trur og håpar at både aktørar og publikum kjem til å huske dette lenge. Ein ubetinga suksess blei det, takka vere alle dåke som var med og gjorde dette til det da blei.
Over 11 000 har sett Les Mis på Moster, og økonomisk så set BML igjen med ein fin startkapital til neste oppsetjing i 2005. Kva det blir, vert ein spanande diskusjon...
Det var merkeligt å kome til eit "tomt" Moster amfi å starte nedrigginga. Folk var igjen spredt over det ganske land, og ingen lange køer på utsida... stusseligt! Men no er alt tatt ned og lagra, kostyma er til vask og notar er returnert London.
Dette mine vener, betyr ikkje at me ikkje treffast igjen. Truleg i byrjinga av november kjem BML til å halde sitt årsmøte. Dette må me kombinere med ein fest. Dåke er da ALLE hjertelig velkomen attende til Bømlo. Følg med på desse sidene, så vil det i løpet av september, bli opplyst om tid og stad for dette.
Vil til slutt igjen få takke for ein fantastisk flott sommer eg har hatt, i lag med Dykk alle på Moster!
Lykke til med det Dykk skal drive med framover, og eg håpar å sjå så mange av Dykk igjen snart,
fyrst i november, og sidan kanskje i våre framtidige oppsetjingar.
Kjell Arne |
|
18.08.2003 Dear Kjell Arne, Birgit, Hans-Gunner and everyone at Bomlo Musikal Laug,Thank you so much for your hospitality on Friday, and for the chance to see your premiere at Moster Amfi. As I think you will have realised, I had a brilliant time – and thought you had all done a fantastic job bringing LES MISERABLES to life in this amazing open air setting.All the principals should be immensely proud to be a part of this project, and they all came to their roles with intelligence and skill, which will, I am sure, have inspired the whole ensemble.The chance to see the piece performed by a company of 100 artists does not come very often, and I will report back to Alain, Claude-Michel and Cameron my impressions – these were of a sense of commitment, a high level of skill, an enormous understanding of the need for discipline and team work to make a project work in that vast open arena, and a true sense of theatre (sometimes witty, sometimes emotional and sometimes truly dangerous) which held the capacity audience spellbound till 1am.All the technical & creative team had clearly created a setting in which this company could do their best work – and they were supported by an orchestra who also rose to the challenge of this immense score, with real skill.I hope to be privileged to have the chance to see other performances by your company in Moster Amfi, and to see many of the principals (and I hope some of the ensemble) playing these roles and other roles elsewhere in Norway over the coming years.And now I want your advice – I bought the Lonely Planet guide for Scandinavia yesterday and it doesn’t have a mention of Bomlo. Should I complain to them – or would you like me to keep this idyllic island paradise a secret from the general tourists. Yesterday morning I was privileged to go up to Brandasund and Skjeret and to feel the stillness and power of your islands. If you want it kept secret, I will completely understand – but I will be telling a few chosen people to visit your islands, and your productions in the future.
Thank you for a truly special chance to see what you have achieved. I will long remember the visit – and return again soon.
All good wishes
Chris Grady Head of Licensing |
| Billettsalet går godt (05.05.2003)
Billettsalget til Bømlo Musikal Laug si oppsetjing av musikalen "Les Miserables" i Moster Amfi 8 - 16 august går godt. Me har no passert 1000 solgte billettar, og det betyr i praksis at ei forestilling allerede er utsolg.
Me er m.a.o. i rute, og særs spennande er det å registrera at storparten av desse billettane er solgt utanfor Sunnhordalandsregionen. Stavanger, Bergen og Østlandsområdet er sterkast representert til no, men ettersom tradisjonane for kjøp av billettar lang tid i forveien ikkje er like utbredt her i distriktet, håpar og trur eg at òg folk fra Bømlo, Stord og Haugalandet etterkvart kjem etter.
Så til dykk som vil vera sikker på å få billett til ønska forestilling er Posten/Billettservice staden.
mvh
Kjell Arne Røksund
produksjonsleiar |
| Hallo alle sammen! (15.04.2002)
Ja da var eventyret "Zero To Hero" definitivt over, og me kan alle ta ein velfortjent sommerferie. Tusen takk til alle som har vært med!
Som ein kort oppsummering kan eg nevne:
- Me har gjennomført ei ny kjempeflott oppsetting! - Kunstnarleg held dette meget høg kvalitet! - Ca 400 personar såg forestillinga denne gang (ca 800 totalt). - BML har markedsført seg positivt på heimebane. - BML har fått prøvd ut enda ein ny scene. - Og ikkje minst - me har jo alle hatt ei kjempekjekk helg!
Då vil eg berre ønske alle ein lang og flott ferie! Kvil på laurbæra, så er me jo i gang med å planlegge eit eller anna nytt spennande prosjekt til neste sommer...
Me håper å gjennomføre auditions i høstferien, men dette vil me evt. komme tilbake til seinare.
Håper eg ser dere alle igjen snart!
God Sommer!
Kjell Arne |
| Ny musikalsk leiar (03.07.2001
Erling har meddelt at han av jobb og tidsgrunner ikke kan fullføre jobben som musikalsk leder for JCS. Dette er beklagelig, men slikt kan skje.
I jakten på ny leder har valget falt på Hans Gunnar Skreslett. Han er til daglig rektor ved musikkskolen på Bømlo og skal bl.a. ha ansvaret for musikken til "Tora Mostrastong". Vi tror jobben er i gode hender og ønsker Hans Gunnar velkommen med på laget. |
Mange av dei same i hovudrollane (05.04.2001) Me e stolte av å kunne skilta med Heine Totland og Sigurd Sele i dei to største rollane som Jesus og Judas i år også. Dei "sette" rollane sist gong, og det er vanskeleg å tenkja seg andre i desse skikkelsane. Me gler oss stort til å sjå og høyra dei igjen. Utan om desse to er Elin Hestenes på plass som Maria Magdalena, Finn Daynes som Herodes, Joacim Simonsen som Kaifas og Arvid Mikkelsen som Simon Selotes. Nye personar vil me finna m.a. i rollane som Pilatus, Annas og Peter. I apostelrekka blir det og ein del nye fjes. Koret skal forsterkast i år, rekrutteringa er i full gang. Soldatar, statistar/folkehop blir og henta inn no om dagen. Mange vil vera med, men me treng likevel tips om interesserte. |
|
 Vest End i Norge
|
|
|