Forsiden Forsiden
Om BML Om BML
BML historie BML historie
Mamma Mia 2010 Mamma Mia 2010
Miss Saigon 2009 Miss Saigon 2009
Brytningstid 2008 Brytningstid 2008
Chess 2006 Chess 2006
Les Miserables 2004 Les Miserables 2004
Les Miserables 2003 Les Miserables 2003
Zero to Hero 2002 Zero to Hero 2002
J.C.Superstar 2001 J.C.Superstar 2001
J.C.Superstar 1999 J.C.Superstar 1999
Medlemsliste Medlemsliste
Bildearkiv Bildearkiv
Nyhetsarkiv Nyhetsarkiv
Presseomtale Presseomtale
Moster Amfi Moster Amfi
Kulturliv på Bømlo Kulturliv på Bømlo
Frå A til Å Frå A til Å
Linkar Linkar
Kontaktinformasjon Kontaktinformasjon
Moster Amfi

  

Moster Amfi vart laga for å hysa den historiske framsyninga "Kristkongane på Moster". Opphaveleg var dette ei nedlagt kalksteinsgrue.    

Då planane om eit historisk spel på Moster tok til, peika denne staden seg ut som ei naturleg plassering i nær tilknyting til den gamle kyrkja og Vetahaugen. Sidan dåverande teknisk sjef ved Det norske teater i Oslo alt var dregen inn som konsulent for scenografi og rekvisita, var det naturleg at han saman med Bømlo kommune sin tekniske etat

samarbeidde i utforminga av sjølve speleplassen. Det var ikkje så mykje som laut gjerast på staden, då gruvedrifta allereie hadde gjort utforminga. Ein del masse laut takast ut, og denne vart nytta på den nye gravplassen, over vegen frå den gamle kyrkja, som då var under opparbeiding
Til urpremieren på "Kristkongane på Moster" i 1984 stod amfiet ferdig med sitjeplass for 1000 - 1200 personar. Her var laga til sceneoppbygging for orkesteret og ein grasvoll framom scena der spelet skulle føregå. Utanom dette var det lite anna, og forholda både for publikum og aktørar var særs primitive. Utanom dette var det lite anna, og forholda både for publikum og aktørar var særs primitive. Særleg var det toalettforholda som valda problem. Det einaste ein hadde var to toalett i bårehuset ved den gamle kyrkja. Etter kvart vart desse supplert med toalettbrakker, men forholda var framleis kummerlege.

 

For aktørane vart det etter kvart rigga til med opphaldsrom under scena med kjemikalietoalett. Dette var i fyrste tida plast og presenning spent opp på lekter, men etter kvart vart det sett opp vegger i Leca, og forholda vart betre.Elles vart det laga til ulike opphaldsplassar for aktørane når dei ikkje var med i spelet. Elles vart det laga til

ulike opphaldsplassar for aktørane når dei ikkje var med i spelet. Her vart det rigga opp høgtalarar slik at dei til ei kvar tid skulle kunna vita kor langt ein var komen i spelet. Ein kjøpte også inn nokre gamle brakker som vart nytta til bilettkontor, kasserarkontor og opphaldsstad for staben. Garderobar og sminkestove vart etablert i eit gamalt sjøhus nede ved havna, og mang ein aktør har beinfloge herfrå over haug og hamar for å koma fram i rett tid for sine entrear. Men dugnadsånda og ståpå-humøret var stort og det heile gjekk seg etter kvart til. I bakkant av amfiet vart det og reist ei primitiv salsbu for pølser, is, brus, kaffi o.a.

 

Meir info: Moster Amfi

 

                              


 

 


Vest  End i Norge




Bømlo Musikallaug
Høvringevik
5440 Mosterhamn

   
   
90 96 17 02
bml@bml.no